Eg tek på meg ulike reparasjonar av ulike strykeinstrument, med hovudfokus på hardingfeler. Om du har skader på instrumentet, eller rett og slett vil ha ein betre lyd i fela, er det berre å ta kontakt.
Om du vil ha eit nytt instrument, kan du legge inn ei bestilling på epost eller telefon. Kvart instrument er unikt, med sine individuelle kvalitetar, og eg er open for å tilpasse instrumentet til dine behov. I tillegg til hardingfeler, har eg også bygd fleire hardingbratsjar og hardingcello, og bygger også dette på bestilling.
Eg tek på meg ulike speloppdrag.
Eg har dekorert gitarar, bassgitarar og trommesett med personlege roseteikningar, og tek gjerne på meg dekorasjonsoppdrag av ditt instrument.